rogaland

Aktuelt

Nå kan de bla i programmet for VGS i skuleåret 2018/19!

Neste års program er klart, og neste år er det 15 produksjonar som vert tilgjengelege for elevane i den vidaregåande skulen i Rogaland.

Årets program femner vidt, både når det gjeld kunstuttrykk og tematikk.

Og slik gjekk det på UKM-festivalen

Og slik gjekk det på UKM-festivalen

Lurer du på korleis det gjekk på UKM-festivalen i Sandnes? Sjekk bileta frå ukm.no. Du kan gå inn på ukm for ungdom og finna høgepunkta, eller flotte bilete under for voksne og presse.

Fordeling av spelemidlar for skuleåret 2017/2018

Fordeling av spelemidlar for skuleåret 2017/2018

Kulturtanken har sendt ut brev om fordeling av spelemidlar til DKS for skuleåret 2017/2018. I brevet er også skissert viktige føringar for verksemda. Brevet kan du lesa her.

Kulturtanken - Den kulturelle skulesekken Noreg

Den kulturelle skulesekken er i endring. Kulturtanken, tidlegare Rikskonsertane, fekk i 2016 det nasjonale ansvaret for ordninga. Frå årsskiftet 2016/2017 er fleire planar under utvikling. Av dei mest konkrete er at skulekonsertordninga vert avvikla. For Rogaland vil det skje frå og med skuleåret 2018/2019. Det er også signalisert ar det vert stilt krav om eigenfinansiering frå kommunar og fylke. Meir om endringar vil koma på www.kulturtanken.no.


God rekruttering av elevarrangørar i nordfylket

God rekruttering av elevarrangørar i nordfylket

Om lag nitti elevar frå dei fire kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær og Vindafjord deltok i eit velregissert seminar for elevarrangørar rett før haustferien. I løpet av ein dag kunne dei læra om lyd/lys, å vera konferansier, journalistikk, foto, secenografi og rap. Her er dei uteksaminerte elevarrangørane i dei nye t-skjortene sine. Utøvarar: Gled dykk!   



  test