Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
ALEINE MED TANKANE
Produksjonsliste
Program

ALEINE MED TANKANE

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

ALEINE MED TANKANE har berre éin utøvar – nemleg cellisten Frida Frederikke Waaler Wærvågen. Frida synest det er fint å sitja heilt, heilt aleine og spela for eit publikum. Ho kjem til å førebu seg veldig mykje, for ho veit at borna er flinke til å lytta medan ho speler. 

«Eg likar å prøva å sjå tankane til borna medan eg speler», seier Frida. Cellisten Frida trur at det er mogleg for publikum å kjenna att eit breitt kjensleregister, sjølv om samtalen er utan ord, og utan medspelarar - forutan dykk, elevane Frida møter.

Etter konserten blir Frida igjen ei lita stund for å høyra kva elevane tenkjer om konserten, og om det dei har sett og høyrt.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Produsent: Produsent i Rikskonsertene/Kulturtanken
    Hallgeir Frydenlund
    Mobil: 951 38 429
  • Idé/opplegg: Utøvaren og produsent i Rikskonsertane/Kulturtanken, Hallgeir Frydenlund.

Om kunstner / utøver / gruppe

Frida Fredrikke Waaler Wærvågen, cellist, starta å spela som 5-åring ved Horten kulturskule. Ho blei tatt opp som elev ved Barratt Due Musikkinstitutt i 1998, og hadde undervisning der i seks år med cellisten Åge Kvalbein. Ho fullførte sin bachelor på Noregs musikkhøgskule våren 2011 med professor Truls Mørk. Ho har studert med professor Frans Helmersson, og våren 2014 fullførte ho mastergradsutdanning etter to år ved Edsberg Slott, Kungliga Musikhögskolan i Stockhom. Ho har vunne ei rekkje prisar og stipend, både nasjonalt og internasjonalt. Ho har vore solist med ei rekkje orkester i inn- og utland. Frida har arbeidd som solocellist i Det Kungliga Hovkapellet, Kungliga Operans orkester i Stockholm. Ho er også cellist i det norske kammerorkesteret Ensemble Allegria (www.ensembleallegria.com). Celloen ho speler på er laga av Nicolas Lupot i 1823, og han er lånt ut av instrumentsamlinga Dextra Musica i Norge.


Medvirkende

  • Frida Frederikke Waaler Wærvågen (cello)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Frida Fredrikke og cello_Venter på trikken Foto Lars Opstad.jpg
Foto: Lars Opstad/Kulturtanken
Frida Fredrikke og cello_Gatelangs foto Lars Opstad.jpg
Foto: Lars Opstad/Kulturtanken
Frida Fredrikke og cello_i Folketeaterpassasjen 1 foto Lars Opstad.jpg
Foto: Lars Opstad/Kulturtanken
Frida Fredrikke og cello_i Folketeaterpassasjen 2 foto Lars Opstad.jpg
Foto: Lars Opstad/Kulturtanken
salkart Alene med tankene_web.jpg
Foto: Kulturtanken
salkart Alene med tankene_stort.JPG
Foto: Kulturtanken
Musikk / Klassisk musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Hallgeir Frydenlund
Mobil: 951 38 429
Kontaktperson turné
Anne Kristin Høiland
Tlf: 51 51 68 64/48 00 88 38
Programlengde
40
Maks publikumsantall
140
Arena / rom
Gymsal eller liknande
Bærehjelp
Ja, to elevar
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
25 min.
Merknad
Det er viktig med god aldersspreiing på konsertane, med store og små barn saman. For at konserten skal fungera for føremålet, er det essensielt at heile aldersgruppa er representert på konserten.
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Produsent:
Produsent i Rikskonsertene/Kulturtanken
Hallgeir Frydenlund
Mobil: 951 38 429
Medvirkende
  • Frida Frederikke Waaler Wærvågen (cello)