Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Ein Nordmann likar ikkje å vere våpenlaus
Produksjonsliste
Program

Ein Nordmann likar ikkje å vere våpenlaus

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus er ei framsyning som dukkar inn i mangfaldet av kva lyrikk kan vere. Framsyninga baserer seg på tvilen Olav H. Hauge har på seg sjølv og eiga dikting, ein tvil vi kan finne hjå mange som diktar, om det er i eldre nidvisedikting eller i moderne battle-rapping. Gjennom å nytta rap og dikt undersøkjer utøvarane og elevane saman kva lyrikk kan seie om dei som har skrive det, og kanskje om dei sjølve. Tvilen til å dikta og tvilen til å utlevera seg sjølv, er noko ungdom, rapparar og kjende poetar har til felles og kjenner mykje på.

Framsyninga byggjer på estetikken og ideen bak rap-battles. I rap-battles er det to personar som møtest for å nedverdiga kvarandre verbalt. Når utøvarane går inn i ein rap-battle er det som dei går inn i ein boksering, der det gjeld eigne reglar. I bokseringen stiller dei seg lagleg til for hogg, og må tåla mange verbale slag. Men dei har også sjansen til å slå i frå seg, og hevda seg sjølve. Elevane får ta plass ringside og er med og heiar fram utøvarane. Rapparane ynskjer å formidla at alle liv er interessante nok til å formidla noko om. Målet er å presentera lyrikken røffare, hardare og nærare røynda og publikum enn kva dei er vane med. 

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe

Olav H. Hauge-senteret er ei avdeling under Nynorsk kultursentrum. Hauge-senteret arbeider med formidling av lyrikk i alle former på tvers av språkgrenser, og ynskjer å auke bevisstgjeringa omkring lyrikk, språk og identitet, og vil slik vere med å kvalitetssikre at formidlingsprogrammet held høg fagleg og pedagogisk kvalitet.

Per Olav Hoff Mydske (f. 1979) er tekstforfattar, rapartist og studerar kveding ved Ole Bull-akademiet på Voss. Hoff Mydske er mest kjend under artistnamnet Skranglebein. Han har vore med i hiphop-gruppa Pen Jakke og delteke som gjesteartist på konsertar og plater med ein rekkje artistar, m.a. Bugge Wesseltoft, Tungtvann, Valkyrien Allstars, Per Anders Buen, Brazz Brothers og Jason Moran. 

Hoff Mydske har òg vore med på å vidareføre og gjenskape folkemusikktradisjonen i Østfold, gjennom eit samarbeidsprosjekt i regi av Østfold musikkråd. På Landskappleiken i 2015 deltok han med folkemusikkrap, som vidarefører både hiphoptradisjonen og den folkelege vokalmusikken, kvedinga.

Hoff Mydske har vore sentral i å etablera eit miljø for rap-battles i Noreg, og har i 2015 vore med på prosjektet «Stor Overraskelse», som har utvikla teatersport (improvisasjonsteater) i hiphop-drakt. Han har tidligare arbeida med Hauge sine tekstar, gjennom samarbeidet med Valkyrien Allstars.

André Jarnvig Jensen (f. 1987) er rapartist, teikneserieskapar og utdanna master i kunstfag frå Kunsthøgskulen i Oslo. Han har òg årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning for kunst og design ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og er dermed lektor i kunstfag. Han har skrive masteroppgåve om rapbattles.

Jarnvig Jensen har vore med i gruppa Evig Poesi, og er aktiv i rapbattlemiljøa i Østfold og Oslo. Han er forfattar av teikneserien Krutt-Kim, som m.a. er gitt ut på Kontur forlagm der han nå arbeider. Han har og vore med å gi ut boka Hip Hop America som er pensum i vidaregåande opplæring, og arbeider no som prosjektleiar på eit verk om norske hiphoptekstar.

Jarnvig Jensen har tidligare gjort fleire produksjonar i regi av Den kulturelle skolesekken, m.a. skulekonsertar og grafitii-/ streetart-kurs, og har hatt eigne produksjonar for barnevernet. Av større produksjonar har han holdt rap-kurs 2 gonger i veka på Eidsberg ungdomsskule og Sane ungdomsskule eitt heilt år.

Jarnvig Jensen har gjort 16 rap battles, med til saman over 350 000 visningar på Youtube og VGTV. I tillegg har han rapbattla på TV Norge. Han har òg undervist eitt år i kunst og handverk på Sagene skole og vore timelærar i streetart på Valler vgs. Og Ramstad ungdomsskule.


Medvirkende

  • Per Olav Hoff Mydske (Utøvar)
  • André Jarnvig Jensen (Utøvar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

nordmann.jpg
Foto: Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
våpen.jpg
Foto: Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
sh220w440-ftJ.jpg
Foto: Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Litteratur
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Gudrun Karina Arntsen: gudrun.karina.arntsen@rogfk.no
Programlengde
40
Maks publikumsantall
60
Arena / rom
Gymsal der elevane sit tett på og på matter evt. skulebibliotek/stort klasserom eller liknande.
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
10 min.
Merknad
Utøvarane treng eit bord og to stolar.
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Medvirkende
  • Per Olav Hoff Mydske (Utøvar)
  • André Jarnvig Jensen (Utøvar)