Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Kontaktperson:
FRA KVINNEKAMP TIL #METOO - Art is a Criminal Acti...
Produksjonsliste
Program

FRA KVINNEKAMP TIL #METOO - Art is a Criminal Action

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Kvifor har det ikkje vore nokre store kvinnelege kunstnarar? Kvifor har me høyrt om Edvard Munch og Pablo Picasso, men ikkje om Ana Mendieta eller Sidsel Paaske? På 1970-talet starta kunstnarar å stilla spørsmål ved kvifor kvinner ikkje hadde same utgangspunkt som menn både i kunsten og samfunnet elles. Dei forkasta det tradisjonelle og mannsdominerte maleriet, og tok i bruk nye, raske og rimelege medium som fotografi, video og performance (aksjonar) for å formidla kvinners erfaring i kunsten.

I utstillinga Kvinne – 1970-tallets feministiske avantgarde syner me kunstverka til mange av dei tonegivande kunstnarane i Europa og USA på denne tida. Med ein stor porsjon ironi, humor og innimellom blodig alvor, sette dei samtidas urettar på agendaen. Også kampen mot rasisme og andre urettar i samfunnet var ein del av det feministiske prosjektet. Kva tyding har desse kunstverka for oss i dag? Er det mogleg å bruka dei same strategiane for å formidla bodskap som er viktige for oss i dag?

Gjennom omvising i delar av utstillinga, gruppearbeid og ei praktisk oppgåve, søker me svar på desse spørsmåla.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Idé/opplegg: Stavanger Kunstmuseum

Multimedia og vedlegg

Bilder

Fra kvinnekamp til metoo_Ulrike Rosenbach_Art is a Criminal Action.jpg
Foto: Ulrike Rosenbach - Art is a criminal action No. 4, 1969
Visuell kunst / Billedkunst
Trinn: 8 - VG3
Praktisk informasjon
Programlengde
120
Maks publikumsantall
30
Arena / rom
Stavanger Kunstmuseum
Merknad
DKS Rogaland ordner med busstransport.
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune