Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Kontaktperson:
PASJON 2019
Produksjonsliste
Program

PASJON 2019

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Pasjon 2019 er eit pasjonsspel i Stavanger Domkyrkje med utgangspunkt i den europeiske mysteriespeltradisjonen frå mellomalderen. Omgrepet pasjon tyder liding og lidenskap. Liding i møte med verdas dødskrefter og lidenskap i møte med mysteria i livet.

Verket er ei scenisk framføring av eit rekviem, nykomponert av Wolfgang Plagge for kor, solistar, orkester og skodespelarar. Tekstgrunnlaget er Frank Toppings bok An impossible God. Her blir Jesu lidingshistorie gjenfortalt av personar som møtte han og som prøvde å forstå.

Pasjon 2019 tar utgangspunkt i desse vitneskildringane og vil reflektera omkring liding og lidenskap i vår tid og om mysteriet Gud.

DKS Rogaland vil laga eit opplegg til for- og etterarbeid til skulane. Dette vil setta lidingshistoria i eit historisk perspektiv og hjelpa elevane i gang med å reflektera over og diskutera det dei har opplevd.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Multimedia og vedlegg

Bilder

Pasjon 2019
Foto: Wikipedia Commons
Kunstarter i samspill
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Programlengde
1 time
Arena / rom
Stavanger Domkyrkje
Merknad
Tidspunkt: veke 15, 2019
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune