Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Kontaktperson:
SPRÅKLEGE FORVANDLINGAR
Produksjonsliste
Program

SPRÅKLEGE FORVANDLINGAR

I denne verkstaden får elevane får prøva seg som omsettarar. Dei skal sjølv teksta ein bit av TV-serien Big Bang Theory der dei må koma med forslag til løysing på nokre språklege utfordringar. I den lange versjonen av opplegget får dei og prøve seg som litterære omsettarar av ein sekvens frå ei av Harry Potter-bøkene.

Elevane får innblikk i fagområdet gjennom praktiske øvingar og dialog. Det kan vera interessant, nyttig og inspirerande for mange fag – t.d. norsk og framandspråk, samfunnsfag, mediefag, musikk og drama.

I dag reiser me rundt både i den verkelege verda og på nettet, og ved å reflektera over noko av oversettinga sitt vesen får me nye innsikter. Desse refleksjonane vert styrkte av at elevane får prøva seg på eiga hand og i grupper, og dermed opplever kor ulike resultat ein kan få frå same utgangspunkt.

Alternativ 1: 90 minutt

Teksting av ein sekvens frå Big Bang Theory, gruppearbeid, diskusjon og historier.

Alternativ 2: 120 minutt

Som alt. 1 + litterær omsetting av ein sekvens frå Harry Potter.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Jon Rognlien
Litteratur
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Maks publikumsantall
90
Arena / rom
På skulen
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Medvirkende
  • Jon Rognlien