Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Epost: elin.hetland@rogfk.no, anne.kristin.hoiland@rogfk.no Telefon: 5151 6864, 5151 6879, 5151 6600 • kontakt: Elin Hetland
Anne Kristin Høiland
• Nettsted: http://rogaland.ksys.no
To hundre og sekstini dagar
Produksjonsliste
Program

To hundre og sekstini dagar

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

To hundre og sekstini dagar med regn.
Han ser lauvet falla som kalenderark frå trea.
To hundre og sekstini dagar.
Og kvar gong det regnar, saknar han sin beste ven.

To hundre og sekstini dagar handlar om vennskapet mellom ein liten gut og ei lita jente, og tankane til guten når jenta flyttar. Regnet og saknet er gjennomgangstema. Dette er ei vakker og poetisk framsyning til refleksjon og ettertanke. Bjørn Rune Lie sine illustrasjonar til boka vert vist på storskjerm, og det blir opplesing, musikk og lydkulissar.

To hundre og sekstini dagar er ei biletbok for barn i skulealder, helst som høgtlesingsbok. Temaet er vennskap, sakn og einsemd, men også nytt håp! Illustrasjonane har ein avdempa fargebruk og kler teksten svært godt. Teksten er gjennomarbeidd og tidvis poetisk. Med sitt stillferdige vesen klarer boka både å framstille det store saknet, men også å trøyste og varme. Å lese denne boka er som å få ein mjuk katt som krøllar seg saman i fanget ditt.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Roald Kaldestad og Roy Ole Førland

Om kunstner / utøver / gruppe

Roald Kaldestad er forfattar og musikar. Han har spela mykje med Sigrid Moldestad, Odd Nordstoga og  Magnet,  i tillegg til femten års fartstid i Storm Weather Shanty Choir. Han debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben, og i 2003 Polkagrisen. Dei to første går stadig som høyrespel på NRK Super. I 2006 kom biletboka Englefjell, som er laga saman med Øyvind Torseter, og i 2010, Heavykatten og gitaren.

Roy Ole Førland er utdanna musikklærar ved Høgskulen i Volda. Han jobbar som musikar, musikklærar og komponist i Bergen, samt på Barnas Kulturhus i Bergen. Førland har dei siste åra jobba mykje med musikk til lyrikk. Han spelar med A boy Named Sue, Heidi Marie Vestrheim, han lagar filmmusikk og har brei erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane Heavykatten, Haikutronics, Time, Frå Hauge til haiku, Har du hørt det? og Hei Kalas!

Multimedia og vedlegg

Bilder

To-hundre-og-sekstini-dagar-cover.png
tohundre.jpg
To-hundre-og-sekstini-dagar-collage.jpg
Litteratur, Musikk
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Gudrun Karina Arnten: gudrun.karina.arntsen@rogfk.no
Programlengde
35 minuttar
Maks publikumsantall
90
Arena / rom
Audutorium eller anna
Bærehjelp
4 elevar
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune