Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Epost: elin.hetland@rogfk.no, anne.kristin.hoiland@rogfk.no Telefon: 5151 6864, 5151 6879, 5151 6600 • kontakt: Elin Hetland
Anne Kristin Høiland
• Nettsted: http://rogaland.ksys.no
DEN SVARTE FLOKKEN
Produksjonsliste
Program

DEN SVARTE FLOKKEN

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Vi snakkar ofte om ungdomsåra. Med glød eller grøss. Kva forma meg? Kven møtte
eg og kven gjekk eg frå? Kva høyrde til meg og kva trakk eg meg mot? Opprivande,
intense år kan flytta fokus vekk frå framtid og mogelegheiter. Er det lettare å kjenna
seg marginalisert i eit tilsynelatande velsmurt miljø? Korleis finn ein flokken sin?


Fotograf Marie von Krogh har følgt ein gjeng ungdommar i Stavanger gjennom fleire år.
Det har blitt ein bildeserie og utstilling om tenåringsliv frå ein by som kan synast
å by på det meste du kan ønska deg. Gjennom bilde og føredrag lærer elevane om
korleis fotografen jobbar for å koma tett på menneska og historiene, korleis den kreative
prosessen går føre seg i møte med menneska og deira personlege historie. Von Krogh
vil snakka om tema som ungdomsår, stereotypar og identitet, og gi døme på korleis
kunsten gjennom historia har tematisert utanforskap.


Skulane får tilbod om å ha utstillinga Den sorte flokken hengjande nokre dagar
før fotografen besøker skulen. Utstillinga kan tilpassast rom på skulane.


Alternativ 1: 45 minutt bildevising og føredrag (maks 90 deltakarar).


Alternativ 2: Heildags verkstad. Målet er å få ungdommane til å tenkja over korleis
bilde skapar forteljingar om andre personar, kva som definerer identitet og korleis
fordommar og stereotypar oppstår. Ungdommane vil bli betre kjende med ein medelev
gjennom ein-til-ein-intervju, og skal deretter portrettera medeleven på ein måte som
fortel noko om eleven. Von Krogh vil også demonstrera enkle verktøy for betre fotografi,
som komposisjon og bruk av naturleg lys (maks 30 deltakarar).

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe


Medvirkende

  • Marie von Krogh

Multimedia og vedlegg

Bilder

Den sorte flokken
Foto: Marie von Krogh
Visuell kunst
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Anne Kristin Høiland, 51 51 68 64/48 00 88 38
Programlengde
45 min eller 5 skuletimar
Arena / rom
På skulen
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Medvirkende
  • Marie von Krogh