Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Epost: elin.hetland@rogfk.no, anne.kristin.hoiland@rogfk.no Telefon: 5151 6864, 5151 6879, 5151 6600 • kontakt: Elin Hetland
Anne Kristin Høiland
• Nettsted: http://rogaland.ksys.no
Tres Musicos
Produksjonsliste
Program

Tres Musicos

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

I 1492 oppdaga og erobra Columbus Cuba. Spanske oppdagelsesreisande nytta Cuba som base for å reise enda lenger vest, og i 1519 sette Hernán Cortés og mannskapet hans foten på meksikansk jord. I fleire århundre styrte spanjolane store delar av Latin Amerika, og eit føydalt system og misjonsverksemd tvang urbefolkninga til å tjene sine nye, og stundom brutale herrar. Spanske sjømenn og misjonærar la stor vekt på å gje urbefolkninga opplæring i europeisk musikk; kyrkjemusikk og verdsleg musikk. Så det er ikkje til å undrast over at båe cubansk og meksikansk musikk har røter i spanske musikktradisjonar.

Då Alejandro og Hades kom til Noreg, hadde dei med seg musikk frå sine heimland i bagasjen. Etter studier i Sevilla hadde Ole André med seg kunnskap om spansk flamencomusikk attende til Noreg. Fascinasjon over verdsmusikk har ført desse tre musikarane saman, og dei presenterer melodiar som er typiske for nettopp Cuba, Mexico og Spania, - på tradisjonelle instrument.

Lærerveiledning

PRAKTISKE KONSERTFØREBUINGAR
  • Konsertlokalet må vere klargjort 30 minutt før konsertstart
  • Musikarane ønskjer vanleg plassering, midt på eine langveggen (ikkje motlys), med elevane sitjande på gym.benker og stolrekkjer (amfi)
  • Sjekk at det er høveleg temperatur i lokalet
  • Det skal ikkje nyttast piano
  • Det må vere straumuttak i nærleiken av spelestaden
  • Det er ønskjeleg at 5-6 elevar stiller som berehjelp


FORARBEID
Elevane lærer songen “Plena de Lola” og er kan hende med og spelar? Sjå eige ark med forklaring frå musikarane.

For å styrke konsertopplevinga ber vi om at

  • lærarar og elevar sit saman og deler opplevinga
  • de nyttar konsertinformasjonen til å informe elevar, lærarar og leiinga ved skulen om
    praktiske konsertførebuingar
  • de førebur elevane på innhaldet i konseren dei skal vere med på, for dei føerbudde
    møta er ofte dei beste!

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Tres Musicos
  • Produsent: Wenche Gausdal
  • Idé/opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent

Om kunstner / utøver / gruppe

Ole André Farstad (strengeinstrument/perkusjon/song) kjem frå Harøy i Møre og Romsdal, men har no budd i Bergen i fleire år. Han starta i eit rockeband på Harøy, men etterkvart vart det studier i klassisk gitar ved musikkonsertvatoriet i Kristiansand og seinare studier i etnomusikk ved Universitetet i Bergen. Han har òg utforska klassisk indisk musikk i Varanasi og flamenco i Sevilla. Hovudinstrumentet er gitar, men han leikar seg på eit utal strengeinstrument.

Alejandro Goya (strengeinstrument/perkusjon/song) flytta frå Mexico til Bergen for fleire år sidan. I tillegg til å vere musikar, er han antropolog ved Universitetet i Bergen. Han spelar ei rekkje tradisjonelle, mexikanske strengeinstrument, og ofte kan han høyrast i samspel med utøvarar frå alle verdshjørne.

Hades Hernandez (perkusjon/song) frå Trinidad på Cuba, kjem frå ein familie med långe tradisjonar som profesjonelle musikarar. Musikken førde han først til Spania, der han jobba som musikar i sju år, men i 2007 flytta han til Bergen. Her er han m.a. bandleiar for Orquesta Cuba Tropical.


Medvirkende

  • Tres Musicos
  • Ole Andre Farstad (Strengeinstrument/song/perkusjon)
  • Hades Hernandez (Perkusjon/song)
  • Alejandro Goya (Strengeinstrument/song/perkusjon)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Tres Musicos
Foto: Ann Steindal
Musikk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Anne Kristin Høiland
51 51 68 64/48 00 88 38
Programlengde
40
Maks publikumsantall
150
Arena / rom
Gymsal eller liknande
Bærehjelp
Fint om 5 - 6 elevar stiller som berehjelp
Oppriggingstid
40 min.
Nedriggingstid
20 min.
Vedlegg
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Produsent:
Wenche Gausdal
Medvirkende
  • Ole Andre Farstad (Strengeinstrument/song/perkusjon)
  • Hades Hernandez (Perkusjon/song)
  • Alejandro Goya (Strengeinstrument/song/perkusjon)