Rogaland fylkeskommune
Postadresse: P.b. 130, 4001 Stavanger
Besøksadresse: Arkitekt Eckhoffs gate 1, 4001 Stavanger
Tazano
Produksjonsliste
Program

Tazano

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Tazano er eit band med fem musikarar frå Noreg og Tanzania. Med drivande rytmar og fengande melodiar tar bandet publikum med til ei spennande musikalsk verd. Tanzania er eit land fattig på pengar, men rikt på kultur, og det vert prova til fulle under denne konserten. Musikarane trefte kvarandre for fyrste gong i Bagamoyo i Tanzania i 2008. Etter det har dei spelt saman nesten kvart år. Dei har spelt konsertar både i Tanzania og i Noreg, inkludert den kritikarroste opningskonserten på MaiJazz i 2010.

Lærerveiledning

Førebuingar

• Det er fint om nokon ønsker velkommen til konserten og takkar for konserten når den er over. 
• Lærarane set seg saman med elevane, der dei er publikum og opplever konserten med dei.
• Kulturkontakten, eller ein annan kontaktperson, må  vera tilgjengeleg under gjestinga. Og hugs, det er alltid hyggeleg å bli møtt med ein kopp kaffi når ein kjem til ein ny stad.
• Driftsansvarleg og dei involverte lærarane må få ein kopi av denne informasjonen.

Bruk konserten

Idear til føre- og etterarbeid

Anania blei fødd i Tanzania i 1960. Kva har skjedd med landet sidan då? Her kan læraren ta utgangspunkt i måla slik dei står i Kunnskapsløftet:

8. til 10. klasse
Utforskaren
• bruke statistiske kjelder til å berekne og beskrive tendensar og variasjonar i samfunnsfaglege drøftingar og vurdere om statistikken gjev påliteleg informasjon
• skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar

Historie
• gjere greie for kolonialisme og imperialisme og gje døme på avkolonisering

Geografi
• samanlikne storleik, struktur og vekst i befolkningar og analysere befolkningsutvikling, urbanisering og flytting i nyare tid
• kartleggje variasjonar i levekår i ulike delar av verda, forklare dei store skilnadene mellom fattige og rike og drøfte tiltak for jamnare fordeling

Samfunnskunnskap
• gje døme på og diskutere kulturelle variasjonar og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn

VG1/VG2
Individ, samfunn og kultur
• diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar

Politikk og demokrati
• diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
• diskutere omgrepa økonomisk vekst, levestandard, livskvalitet og berekraftig utvikling og forholdet mellom dei

Internasjonale forhold
• definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet
• definere omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
• gjere greie for ulike forklaringar på kvifor det finst fattige og rike land, og diskutere tiltak for å redusere fattigdommen i verda

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Tazano
  • Produsent: Egil Ovesen
    51 51 68 86

Om kunstner / utøver / gruppe

John Mponda underviser til vanleg på TaSUBa (Institutt for kunst og kultur i Bagamoyo) i Tanzania. På denne skulen går studentar frå 18 til omtrent 50 år gamle, og John underviser i dans og tromming. Det har han gjort i 30 år. Han var sjølv student på det fyrste kullet på skulen i 1981. Då kom han frå ein liten landsby og vart plukka ut til å få gå på denne skulen fordi han var slik ein flink dansar. På fritida driv John eit kultursenter for foreldrelaus ungdom.

Anania Ngoliga vaks opp i Dodoma, som er hovudstaden i Tanzania. No bur han på Zanzibar, der han jobbar som musikar. Han leiar sitt eige danseband, som han syng og spelar gitar med. Bandet speler på hotell og lokale klubbar. I Tanzania er det 120 ulike etniske grupper, og Anania kjem frå gruppa som heiter Wagogo. Dei er kjende for musikken sin og speler på instrument som kalimba (tommelpiano), zeze (østafrikansk fele) og trommer. På denne konserten syng Anania og speler tommelpiano. Det gjorde han også på albumet Throw Down Your Heart som vann ein Grammy-pris i 2010 for Best Contemporary World Music Album.

Tor Yttredal speler saksofon og  er professor i musikk på Universitetet i Stavanger. Han har spelt, og speler, med fleire band, mellom anna Trio de Janeiro og Trondheim Jazz Orchestra.

Stein Inge Brækhus speler trommesett. Han er stril og kjem frå Os. Han har levd som musikar sidan han var tjue år, og har spelt med kjende musikarar og band som Nils Petter Molvær, Bergen Big Band, Silje Nergaard, Vamp, Jan Eggum, Bjørn Eidsvåg og Åge Aleksandersen. I 2013 fikk han Mølster-prisen for lang verksemd som trommeslagar, produsent og musikklærar. Stein Inge driv òg sitt eige musikkstudio.

Jørn Øien speler piano og keyboard og jobbar som musikar i Oslo. Han har spelt med fleire av dei mest  kjende jazzmusikarane i landet, som Knut Værnes, Geir Lysne og Nils-Olav Johansen.


Medvirkende

  • Tazano
  • Stein Inge Brækhus (trommesett)
  • John Mponda (song, tanzanianske trommer og seljefløyte)
  • Anania Ngoliga (tommelpiano og song)
  • Tor Yttredal (saksofonar og tverrfløyte)
  • Jørn Øien (tangentar)

Multimedia og vedlegg

Bilder

Tazano
Foto: Alliance Francaise Dar es Salaam
Musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Johannes Ulveraker
Tlf: 51 51 69 67/91110109
Programlengde
40-42 minutt
Arena / rom
Gymsal eller aula. I ein gymsal vil musikarane skapa si eiga scene midt på den eine langveggen, og publikum sit i ein boge rundt dei. I ein aula treng musikarane eit scenerom på minimum 6 x 4 meter. Ver vennleg å sjå til at det er normal romtemperatur i konsertlokalet.
Bærehjelp
Me ber om at fire elevar møter musikarane og hjelper til med å bera utstyr 90 minutt før fyrste konsert og 30 minutt etter siste konsert.
Oppriggingstid
90 min.
Nedriggingstid
40 min.
Strøm
Det er naudsynt med straumuttak nær spelestaden.
Arrangører
Arrangert av:
Rogaland fylkeskommune
Produsent:
Egil Ovesen
51 51 68 86
Medvirkende
  • Stein Inge Brækhus (trommesett)
  • John Mponda (song, tanzanianske trommer og seljefløyte)
  • Anania Ngoliga (tommelpiano og song)
  • Tor Yttredal (saksofonar og tverrfløyte)
  • Jørn Øien (tangentar)