rogaland

Produsentseminar i Den kulturelle skolesekken

Elin Hetland @ Rogaland // 24.10.19

Velkommen til produsentseminar i Den kulturelle skolesekken 26. og 27. november!

Det blir to dagar med fagleg påfyll for deg som er produsent, formidlar eller som jobbar med produksjonar for barn og unge i Den kulturelle skulesekken. Seminaret passar både for deg som produserer sjølv, programmerer eller kjøper inn produksjonar. Anten du arbeider på fylkesnivå, i ein kommune eller i ein institusjon og uavhengig av kva for uttrykk du arbeidar med. Hovuddelen av seminaret vil vere aktiv jobbing i ulike verkstadar under kyndig leiing av profesjonelle kunstnarar, produsentar eller formidlarar innan sceniske uttrykk, dramaturgi, regi eller scenografi med lang erfaring frå kunstfagleg arbeid med barn og unge. Du kan melde deg på ein av fire ulike verkstadar. Arbeidet i verkstadane skal munne ut i korte framsyningar for elevar siste seminardagen.

Produsentseminar i Den kulturelle skolesekken

Produsentseminar i Den kulturelle skolesekken