rogaland

Aktuelt

Nye honorarsatser DKS Rogaland

Nye honorarsatser DKS Rogaland

Kommunenes Sentralforbund (KS) og Musikernes Fellesorganisasjon (MFO) har inngått ein rammeavtale om vilkår for oppdragstakarar (sjølvstendig næringsdrivande) i Den kulturelle skulesekken. Rogaland Fylkeskommune følgjer opp denne med nye honorarsatsar for oppdragstakarar (sjølvstendig næringsdrivande).

Nå kan de bla i programmet for VGS i skuleåret 2018/19!

Neste års program er klart, og neste år er det 15 produksjonar som vert tilgjengelege for elevane i den vidaregåande skulen i Rogaland.
Årets program femner vidt, både når det gjeld kunstuttrykk og tematikk.

Kulturtanken - Den kulturelle skulesekken Noreg

Den kulturelle skulesekken er i endring. Kulturtanken, tidlegare Rikskonsertane, fekk i 2016 det nasjonale ansvaret for ordninga. Frå årsskiftet 2016/2017 er fleire planar under utvikling. Av dei mest konkrete er at skulekonsertordninga vert avvikla. For Rogaland vil det skje frå og med skuleåret 2018/2019. Det er også signalisert ar det vert stilt krav om eigenfinansiering frå kommunar og fylke. Meir om endringar vil koma på www.kulturtanken.no.