Tilbake
Elevar ved medier og kommunikasjon, Vågen VGS
Elevar ved medier og kommunikasjon, Vågen VGS

MOZARTS REKVIEM

– Med ungdom, for ungdom

Heile 240 unge korsongarar og musikkstudentar frå UIS står for vårens vakraste musikalske eventyr i mars 2020. Dei framfører Mozarts Requiem på eit profesjonelt nivå, og med ei medrivande ungdommeleg tilnærming. Elevar ved musikklinjene ved Stavanger Katedralskole, Skeisvang og Vågen vgs utgjer det store koret.

Dette er det tredje prosjektet under parolen “Klassisk musikk – med ungdom, for ungdom” etter minneverdige framføringar av Mozarts Requiem i 2016 og Orffs Carmina Burana i 2018. Visjonen er å gjera den klassiske musikktradisjonen levande for ungdom ved å la unge utøvarar opptre for eit ungt publikum i Stavanger Konserthus.

Når unge menneske som jobbar med musikk kvar dag møtast for å framføra eit så engasjerande verk, oppstår ein heilt unik energi som gjer dette til ei sjeldan konsertoppleving!

I starten av konserten vil musikarane og korsongarane gje ein musikalsk presentasjon av verket.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe

Musikklinjekor frå Vågen vgs, Skeisvang vgs og Stavanger Katedralskole og orkester frå UIS, fakultet for utøvande kunstfag

Publikumskommentarer