Tilbake
Lars Opstad

ROGADANS


DKS-Rogaland har i samarbeid med Folkemusikkarkivet i Sand, og spesialist på tradisjonsdansar i Rogaland, Vegar Vårdal, vidareutvikla danseverkstaden frå i fjor, og spissa den for vidaregåande skular i fylket.                                                             

Elevane får fyrst eit fantastisk danseshow på 10 minuttar, kor ensemblet presenterer den flotte dansen frå Rogaland og Noreg. Danseverkstaden varar i 90 minuttar og elevane lærar dei grunnleggjande dansane, halling, Suldalspringar og reinlender. 

Gled dykk til ei forrykande oppleving! 

Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.

Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/   

 


Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Erik Sollid, Olav Christer Rossebø, Jon Bugge Rasmussen, Anita Langødegård
  • Produsent: DKS-Rogaland i samarbeid med Ryfylkemuseet

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer