Tilbake
Ai Wei Wei

DOKUMENTÉR DETTE

Dokumentarfilm har som oppgåve å informera, underhalda og engasjera publikum. Som dokumentarist kan ein nytta ei rekke visuelle verkemiddel for å få fram eit bodskap.

Lene Heimlund Larsen viser klipp frå to ulike dokumentarar som begge handlar om flyktningkrisa. I den prislønte italienske filmen Havet brenner observerer kameraet passivt livet på den vesle øya Lampedusa som fløymer over av desperate flyktningar. I sterk kontrast står den kontroversielle kinesiske aktivisten og samtidskunstnaren Ai Wei Wei sin film Human Flow. Ai Wei Wei deltar aktivt og engasjerer seg i flyktningane.

Begge filmane tar føre seg ei aktuell global krise og dei reiser mange spørsmål. Korleis kan verda tillata desse menneskerettsbrota? Kva kan vi som samfunn gjera for å endra situasjonen? Kva skjer med dokumentaristens ønske om å få fram sanninga i eit samfunn som ein kan omtala som post-faktuelt? Kva med «fake news», kva kjelder kan ein stole på? Finst det ei objektiv sanning eller leitar dokumentaristen opp situasjonar som passar inn i eige bilete?

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer