Tilbake

Snakk om språk

Snakk om språk! er ein av tre produksjonar i Den kulturelle skulesekken som er utarbeidd av Ivar Aasen-tunet. Elevane får møte formidlarane Benedicte Søreng og André Lassemo. Opplegget har form som ei framsyning med aktiv deltaking frå tilhøyrarane. I samtalen kjem ein inn på elevars og eigne haldningar til språk. Vi diskuterer skriftspråksituasjonen, dialektbruk, språkendringar, språk og makt og språkleg vane. Kva betyr språket, både det munnlege og skriftlege for oss? Kvifor gjer vi om på språket når vi flyttar? Korleis kan vi bruke språk og dialekt i ulike samanhengar?

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Produsent: Ivar Aasen-tunet, Nynorsk kultursentrum

Publikumskommentarer