Tilbake
Geir Moen

PEER GYNT. TEGNESERIEROMAN

Stormannsgal, egoistisk, hyklersk og amoralsk er berre nokre av karakteristikkane av Peer Gynt. Bondeguten og verdsborgaren som er seg sjølv nok sluttar aldri å fascinere nordmenn. No er historia tilgjengeleggjort for ein ny generasjon i ein kritikarrost teikneserieroman.

Teikneserieromanen om Peer Gynt er skapt av Geir Moen, som  har jobba som serieskapar og illustratør i 20 år. I denne produksjonen besøkjer han skulen for å fortelje om eigen forfattarskap og om prosessen bak produksjonen av ein teikneserieroman.

Moen gjev også ein spanande gjennomgang av stykket Peer Gynt, med eigne illustrasjonar, i tillegg til å snakke om livet til Henrik Ibsen, det politiske og kulturelle klimaet på hans tid, og korleis dette påverka arbeidet med det dramatiske diktet Peer Gynt.

Lærerveiledning

Produksjonen er ein spennende gjennomgang av stykket med illustrasjonar, dramatisert i tegneserieform som vil gjera det meir tilgjengeleg for eit nytt publikum. Moenvil også snakke om Henrik Ibsens liv, det politiske og kulturelle klima i hans tid, og korleis det påverka arbeidet hans  med Peer Gynt. 

Det kan være nyttig for elevane å ha kjennskap til Peer Gynt før foredraget, men foredraget kan også fungere fint som ein introduksjon til litteraturhistoria eller til lesing av stykket.

Læreplanmål

Sjå vedlegg med fagleg relevans for læreplanane i den vidaregåande skulen.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Geir Moen
  • Produsent: Geir Moen i samarbeid med Pilotgalleriet, Akershus.
  • Idé/opplegg: Geir Moen

Om kunstner / utøver / gruppe

Geir Moen har jobbet profesjonelt som tegneserieskaper, illustratør og kursholder siden 1996.De siste 10 årene har han i tillegg til andre illustrasjonsoppdrag jobbet med tegneserier om og av Henrik Ibsen. Først med bøkene om "de fire store" hvor den første i serien vant kirke og undervisningsdepertementets tegneseriepris i 2007, og er nå aktuell med tegneserieadapsjonen av Peer Gynt.

Publikumskommentarer