Tilbake
Haugalandmuseene

Dei reisande

Romanifolket har vore ein del av det norske folket sidan 1500-talet. I ei tid utan internett, radio og TV bar dei med seg både folkemusikk og nye impulsar frå kontinentet, og mange av dei største spelemennene i norsk folkemusikk har vore av romanifolket, eller dei reisande som dei og vert kalla. På same tid vart romanifolket òg utsett for undertrykking og overgrep frå storsamfunnet.

I samarbeid med Haugalandmuseene presenterer DKS Rogaland noko av den lokale historia og kulturen deira.

Heile mellomtrinnet vil få ein konsert med songar frå det norske romanifolkets rike musikktradisjon.

Sjuande klasse vil få eit utvida tilbod i samsvar med deira læreplan. Mange av dei reisande livnærte seg som dyktige handverkarar, og sjuande klasse får òg prøva seg på romanifolkets handverkstradisjonar i lag med formidlaren Elisabeth Ringdal Nilsen, som sjølv er representant for romanifolket i Rogaland. Denne økta vert på ca to skuletimar.

Lærerveiledning

Last ned:

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Rogaland fylkeskommune
  • Produsent: Egil Ovesen og Elin Hetland
  • I samarbeid med: Foreningen GIA
  • Idé/opplegg: Den kulturelle skulesekken i Rogaland i samarbeid med Haugalandmuseene

Om kunstner / utøver / gruppe

Publikumskommentarer