Sola videregående skole

Sola videregående skole

Postadresse: Postboks 190, 4097 Sola

Besøksadresse: Åsenvegen 78, 4050 Sola

Telefon: 51718400

Kontaktperson: Lene Jakobsen, 51718460, lene.stange.jakobsen@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 5

  • Alle

DEN NORSKE SLAVEHANDELEN

Kulturarv, Trinn: VG1-VG3
Me les om slavehandelen og tenkjer at det var slikt dei dreiv med i USA i gamle dagar.Noreg går på mange måtar fri frå denne mørke historia. Danmark-Norge var til og med det første landet i verda som gjorde slaveri forbode, allereie i 1802.At det var nordmenn som deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet er kanskje ukjent for mange, men på Afrika sin kyst ligg det konkrete kulturminner som fortel noko anna, og det er dei Dansk-norske slaverforta. Det viser seg at nordmenn var med i alle ledd av slavehandelen. Dei jobba som matrosar og styrmenn, guvernørar og dommarar, og fleire hundre tusen afrikanarar blei frakta over havet med dansk-norske skip. Anders Totland snakkar om denne mørke og lite kjende sida av norsk historie. Tenkjer du at dette høyrer til fortida, og at denne historia ikkje er noko me som nordmenn må forhalda oss til i dag? FN sin arbeidsorganisasjon ILO har rekna ut at det er meir enn 40 millionar menneske i verda i dag som er offer for moderne slaveri.Totland dreg linjene opp til vår tid og utfordrar elevane på om det er noko som vedgår oss i dag.


HARD ER MITT LANDS LOV

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Kven var dei norrøne menneska som budde på Grønland? Korleis levde dei og kvifor forsvann dei?Den islandske sagalitteraturen er kanskje Nordens største bidrag til verdslitteraturen.Korleis går ein til verks når ein skriv skjønlitterære tekstar med handling frå fjerne tider? Kva er dei største utfordringane og korleis finn ein inspirasjon?Desse spørsmåla vil Tore Kvæven freiste å svare på. Han vil lese utdrag frå romanen «Når landet mørknar» som vant Brageprisen i 2018. Gjennom ord og bilete tek han med lyttarane til fjerne tider.
Skulen kan sjølv bestemme om det ynskjer formidling i 45 eller 75 minuttar.

KUNSTEN Å VÆRE SYNDIG

Film, Trinn: VG1-VG3
I Sudan finnes et ordtak; «hvis du ikke lenger har en familie, lag din egen i leire». Eller med andre ord; ett menneske i leire er bedre enn mennesker av kjøtt og blod som vil deg vondt.I dokumentarfilmen "Kunsten å være syndig" følger vi kunstneren Ahmed Umar hjem til Sudan.  Når Ahmed velger å stå frem som homofil starter han en mediestorm. Ahmed bor trygt i Norge men velger å reise tilbake til Sudan på besøk der det er dødsstraff for å praktisere homofili.Filmregissør Ibrahim Mursal er også fra Sudan, men fra en mer konservativ bakgrunn. Han bestemmer seg for å starte en samtale med Ahmed, for å forstå. Hvorfor er Ahmed homofil, og hvorfor velger han som første sundaneser å stå frem offentlig? Ibrahim følger også Ahmed i hans prosjekt med å lage en bunad til sin norske statsborgersermoni, denne skal bestå både av norske og sudanesiske element. I Sudan møter de flere homofile som lever i skjul. De møter til slutt Ahmeds mamma som skammer seg over at sønnen er homofil. Vil hun klare å åpne hjertet sitt?

MISS TATI

Musikk, Trinn: VG1-VG3
I eit intervju med Dagsavisen seier Miss Tati: «Fokuset mitt er å gjere gode konsertar. Eg trivst best på scena. Det er der eg er i mitt ess. Energien mellom meg, bandet og publikum er det beste eg veit».Miss Tati skriv sin eigen musikk, og ho hentar inspirasjon frå alle stilartar ho likar - hip-hop, R&B, soul - for å laga si eiga musikalske oppskrift. Musikk er terapien for kvar og ein augneblink i livet. Elevane er inviterte med på Miss Tati si musikalske reise.

ROGADANS

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
I Rogadans får elevane oppleva og sjølv vera med på folkedans og folkemusikk frå Rogaland og resten av Noreg. Det heile startar med at fire av dei fremste musikarane og dansarane innan sjangeren gjer ei forrykande danseoppvising på ti minutt.
Etter oppvisinga tar dei elevane med inn i dansen, og dei får læra seg dei grunnleggjande stega i halling, suldalspringar og reinlender.
Sjå vedlegg om fagleg relevans for læreplanen.Rogadans er utvikla i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland.Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/.
Uttrykksform
Åpne filter