St. Olav videregående skole

St. Olav videregående skole

Postadresse:

Besøksadresse: Jens Zetlitzg. 33, 4008 Stavanger

Telefon: 51849900

Kontaktperson: Ellen Kristine Helgeland, 41681200, ellen-kristine.endresen.helgeland@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 4

  • Alle

HARD ER MITT LANDS LOV

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Kven var dei norrøne menneska som budde på Grønland? Korleis levde dei og kvifor forsvann dei?Den islandske sagalitteraturen er kanskje Nordens største bidrag til verdslitteraturen.Korleis går ein til verks når ein skriv skjønlitterære tekstar med handling frå fjerne tider? Kva er dei største utfordringane og korleis finn ein inspirasjon?Desse spørsmåla vil Tore Kvæven freiste å svare på. Han vil lese utdrag frå romanen «Når landet mørknar» som vant Brageprisen i 2018. Gjennom ord og bilete tek han med lyttarane til fjerne tider.
Skulen kan sjølv bestemme om det ynskjer formidling i 45 eller 75 minuttar.

MELTING

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Veit du kor mange gonger du kan fly til Thailand før jorda går under? Eller kor mykje CO² det kostar å laga ei teaterforestilling?
Melting er tre ting på ei gong: føredrag, konsert og teater. Melting er politisk analyse, musikk framført på vinglas og ein enorm roterande installasjon som fyller scenen og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket. 
– Kva skjer når isen smeltar? Når økonomien smeltar?
– Kva skjer når samfunn, velferdsstat, fellesskap, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smeltar?Melting er eit samarbeid mellom Amund Sjølie Sveen, installasjonskunstnar Lawrence Malstaf og musikarane i Slagr.Sjå vedlegg om fagleg relevans for læreplanen.

PEER GYNT. TEGNESERIEROMAN

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
Stormannsgal, egoistisk, hyklersk og amoralsk er berre nokre av karakteristikkane av Peer Gynt. Bondeguten og verdsborgaren som er seg sjølv nok sluttar aldri å fascinere nordmenn. No er historia tilgjengeleggjort for ein ny generasjon i ein kritikarrost teikneserieroman.Teikneserieromanen om Peer Gynt er skapt av Geir Moen, som  har jobba som serieskapar og illustratør i 20 år. I denne produksjonen besøkjer han skulen for å fortelje om eigen forfattarskap og om prosessen bak produksjonen av ein teikneserieroman.Moen gjev også ein spanande gjennomgang av stykket Peer Gynt, med eigne illustrasjonar, i tillegg til å snakke om livet til Henrik Ibsen, det politiske og kulturelle klimaet på hans tid, og korleis dette påverka arbeidet med det dramatiske diktet Peer Gynt.

ROGADANS

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
I Rogadans får elevane oppleva og sjølv vera med på folkedans og folkemusikk frå Rogaland og resten av Noreg. Det heile startar med at fire av dei fremste musikarane og dansarane innan sjangeren gjer ei forrykande danseoppvising på ti minutt.
Etter oppvisinga tar dei elevane med inn i dansen, og dei får læra seg dei grunnleggjande stega i halling, suldalspringar og reinlender.
Sjå vedlegg om fagleg relevans for læreplanen.Rogadans er utvikla i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland.Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/.
Uttrykksform
Åpne filter