Orre skule

Orre skule

Postadresse: Roslandsvegen 366, 4343 Orre

Besøksadresse: , 4343

Telefon: 51789070

Kontaktperson: Olinda Berge, olinda.berge@klepp.kommune.no

Antall produksjoner: 4

  • Alle

#Me&U (Rom for Dans)

Scenekunst, Trinn: 7-10
#Me&U utforskar spørsmål knytte til identitet, kropp og relasjonar. Gjennom framsyning og verkstad ønsker utøvarane å få publikum til å tenka gjennom eigne uttrykk og eigne val. Korleis ser me (på) kvarandre og korleis snakkar me til/med kvarandre?Ungdom veks i dag opp med ein bilde- og delingskultur på sosiale medium og treng verktøy til å snakke om kropp, grensesetting, kjønn og seksualitet, og til å sette grenser for kva dei ønsker å være med på.Årets nasjonale Ungdatarapport viser dessutan at eit stadig aukande kroppspress blant de ungdommar. Sosiale medium og merksemd på kropp, trening og kosthald gjer at dette blir opplevd som stressande både for gutar og jenter. #Me&U vektlegg dialog, samhandling og toleranse, og viser fleire kvalitetar ved det å være ung enn ytre ting som utsjånad og prestasjon.#Me&U er ein to-delt produksjon. Fyrste del er ein time  med verkstad der ungdommane deltar i skapande prosess og vising. Deltakarane møter kvarandre aktivt, reflekterer samen, deler erfaringar, deltar i ein kunstnarleg prosess og lagar korte koreografiar. Materiale frå verkstaden blir med vidare inn i ei scenisk framsyning.Publikum sit fyrst i grupper rundt kvar ”sin” utøver. Fem dansesoloar blir viste i rommet. Publikum kommer tett på ein utøvar og ein personleg historie til  utøvaren. Temaa kan for eksempel vera kjønnsidentitet, mot til å ta eigne val, det å kjenne seg utilstrekkeleg, kroppsfiksering og seksualitet. Dei fem soloane blir spelt på same tid i rommet, og lydar og historier smittar over på kvarandre. Etter kvart kjem dei fem utøvarane saman i ulike tablå og gjenkjennelege situasjonar; klasserommet, skolegarden, på fest og så bortetterMe opplever sterke historier om støtte, svik, utanforskap, sårbarheit, forelsking, samhald og styrke.​​​​​​​

Flamenco a la Noruega

Musikk, Trinn: 8-10
Asgeir & Mo med Jaime Fresneda Garcia Cervigon.
Opplev eit energisk samspel mellom den spanske flamencodanseren Jaime Fresneda Garcia Cervigon og det Stavangerbaserte ensemblet Asgeir & Mo. Musikken luktar og smakar av Andalucia. Kombinert med impulsar frå Noreg, Austen og Latin-Amerika vert det ei unik konsertoppleving. Musikken er komponert av gitaristen Asgeir Aarøen. Ensemblet gjorde stor suksess under Kammermusikkfestivalen i 2014.

Nina og sommarfuglfiskane

Musikk, Trinn: 1-7
Nina er Nina. Ho speler gitar og syng, og det er ho som skriv songane til bandet. Sommarfuglfiskane er Ivar og Dan, og dei speler trommer og bass. Sommarfuglfiskar kan vera like fargerike og ulike som sommarfuglar. Slik er det òg med dette bandet, som blandar saman musikk og taktartar frå land som USA, Kuba, Kongo – og Noreg.Alle tekstane er av Inger Hagerup, ein forfattar som skreiv dikt for både for vaksne og barn. Dikta for barn er fargerike, morosame og litt sprø. Dette er dikt me kan undra oss over. Kanskje er det ikkje alt me skal forstå?Nina og bassist Dan møtte kvarandre då dei studerte jazz i Trondheim. Her spelte dei og fann på ny musikk dagen lang. På denne turneen er Ivar med som trommeslagar. Han studerer musikk i Oslo.

Ubåt

Scenekunst, Trinn: 1-4
Uttrykksform
Åpne filter