Dalane videregående skole

Dalane videregående skole

Postadresse: Postboks 503,

Besøksadresse: Sjukehusveien 10, 4379 Egersund

Telefon: 51923800 (Sentralbord/kontor), 51923850 (Biblioteket)

Kontaktperson: Liv Fles Dybing, 51923850 (Biblioteket), liv.fles.dybing@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 9

  • Alle

AS A TIGER IN THE JUNGLE

Annet, Trinn: VG1-VG3
As a Tiger er en forestilling om Aman og Renu, fra Nepal, som ble solgt av menneskehandlere
og vokste opp som barneslaver i Indiske sirkus, men ble frigjort av en hjelpeorganisasjon,Chora Chori Nepal og sendt til et barnehjem i Kathmandu for rehabilitering til et selvstendigog voksent liv i frihet. Og i den sammenhengen var det vi møtte dem.As a Tiger in The Jungle er en sterk, viktig og hjertevarmende forestilling om barneslaverfrigjort fra Indiske sirkus. As a Tiger in The Jungle er en særegen og fantastisk blanding avsirkus og teater som skaper en fortelling en kritiker i England kalte for a life changing
experience.As a Tiger in The Jungle er inspirert av opplevelsene til de Nepalske sirkusartistene Renu ogAman som var slaver i Indiske sirkus gjennom hele sin barndom.Over 700 Nepalske barn er blitt frigjort siden 2002 fra Indiske sirkus. Barna ble plukket oppsom 3-4 åringer fra små fattige landsbyer i Nepal og solgt til sirkus i India. Selv om As a Tigerin The Jungle fokuserer på Aman og Renu's sjebne, setter forestillingen også søkelyset påmenneskehandel av barn generelt. Redd Barna regner med at menneskehandlere sørger forat det forsvinner over 1 million barn hvert år i verden. Dessverre er Norge også en bitte litendel av denne grusomme statistikken.I 2013 tilbrakte Ali Williams, produsent i Britiske NoFit State Circus, 1 år som prosjektlederfor etableringen av Circus Kathmandu, et kompani bestående av 13 frigjorte barneslaver fraIndiske sirkus som bestemte seg for å satse på den eneste kunnskapen de hadde etter enbeinhard og tragisk oppvekst som sirkusslaver. Blant disse var Aman og Renu.Ali Williams inviterte Sverre Waage til Nepal for å møte de 13 sirkusartistene og lære demnoe om forestillingsutvikling og regi. Det var starten på et samarbeid mellom Ali Williams ogSverre Waage i å bygge broer mellom Kathmandu og det etablerte europeiske sirkusmiljøetav kompanier, produsenter og programmerere.

As a Tiger in The Jungle, Credits:
Medvirkende: Renu Ghalan Tamang (Nepal), Aman Tamang (Nepal) og Loan TP Hoang,(Norge/Vietnam)Tekst, manus og regi: Sverre Waage (Norge)Musikk: Per Zanussi (Norge)Scenografi og kostyme: Rhi Matthews (UK)Sirkusrigg design: Tarn Aitken (UK)Lysdesign: Leif LePage (Frankrike/UK)Konsulent koreografi: Hanna Filomen Mjåvatn (Norge)Konsulent sirkusferdigheter: Mish Weaver (UK)Produsent: Ali Williams (UK)En Cirkus Xanti produksjon i samarbeid med Ali Williams Production (UK).Co-produsenter: Bærum Kulturhus (Norge), NoFit State Circus (UK), PIT (Norge) og ChoraChori (Nepal/UK).

DEN NORSKE SLAVEHANDELEN

Kulturarv, Trinn: VG1-VG3
Me les om slavehandelen og tenkjer at det var slikt dei dreiv med i USA i gamle dagar.Noreg går på mange måtar fri frå denne mørke historia. Danmark-Norge var til og med det første landet i verda som gjorde slaveri forbode, allereie i 1802.At det var nordmenn som deltok, både på skipa, på slaveforta i Afrika og i koloniane på andre sida av havet er kanskje ukjent for mange, men på Afrika sin kyst ligg det konkrete kulturminner som fortel noko anna, og det er dei Dansk-norske slaverforta. Det viser seg at nordmenn var med i alle ledd av slavehandelen. Dei jobba som matrosar og styrmenn, guvernørar og dommarar, og fleire hundre tusen afrikanarar blei frakta over havet med dansk-norske skip. Anders Totland snakkar om denne mørke og lite kjende sida av norsk historie. Tenkjer du at dette høyrer til fortida, og at denne historia ikkje er noko me som nordmenn må forhalda oss til i dag? FN sin arbeidsorganisasjon ILO har rekna ut at det er meir enn 40 millionar menneske i verda i dag som er offer for moderne slaveri.Totland dreg linjene opp til vår tid og utfordrar elevane på om det er noko som vedgår oss i dag.


DNA? AND? Tilrettelagt

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Vi improviserer frem musikk sammen, og setter en musikalitet i spill som er uavhengig av tekniske fer­digheter.DNA? AND? er et musikalsk prosjekt for barn med spesielle behov, Vi prøver ikke å lære dem noe som helst, men lar dem spille og være musikere, og er med på å improvisere fram musikken på deres premisser.Prosjektet har eksistert i ulike former siden 2013, og ført til bl.a. deltakelse på den internasjonale improvisasjonsfestivalen All Ears og musikkutgivelse på franske Dokidoki.

HARD ER MITT LANDS LOV

Litteratur, Trinn: VG1-VG3
Kven var dei norrøne menneska som budde på Grønland? Korleis levde dei og kvifor forsvann dei?Den islandske sagalitteraturen er kanskje Nordens største bidrag til verdslitteraturen.Korleis går ein til verks når ein skriv skjønlitterære tekstar med handling frå fjerne tider? Kva er dei største utfordringane og korleis finn ein inspirasjon?Desse spørsmåla vil Tore Kvæven freiste å svare på. Han vil lese utdrag frå romanen «Når landet mørknar» som vant Brageprisen i 2018. Gjennom ord og bilete tek han med lyttarane til fjerne tider.
Skulen kan sjølv bestemme om det ynskjer formidling i 45 eller 75 minuttar.

MELTING

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Veit du kor mange gonger du kan fly til Thailand før jorda går under? Eller kor mykje CO² det kostar å laga ei teaterforestilling?
Melting er tre ting på ei gong: føredrag, konsert og teater. Melting er politisk analyse, musikk framført på vinglas og ein enorm roterande installasjon som fyller scenen og gir assosiasjonar til verdsrommet. Det handlar både om det store systemet og det vesle mennesket. 
– Kva skjer når isen smeltar? Når økonomien smeltar?
– Kva skjer når samfunn, velferdsstat, fellesskap, offentleg kunstfinansiering og framtidsutsiktene våre smeltar?Melting er eit samarbeid mellom Amund Sjølie Sveen, installasjonskunstnar Lawrence Malstaf og musikarane i Slagr.Sjå vedlegg om fagleg relevans for læreplanen.

PEER GYNT. TEGNESERIEROMAN

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
Stormannsgal, egoistisk, hyklersk og amoralsk er berre nokre av karakteristikkane av Peer Gynt. Bondeguten og verdsborgaren som er seg sjølv nok sluttar aldri å fascinere nordmenn. No er historia tilgjengeleggjort for ein ny generasjon i ein kritikarrost teikneserieroman.Teikneserieromanen om Peer Gynt er skapt av Geir Moen, som  har jobba som serieskapar og illustratør i 20 år. I denne produksjonen besøkjer han skulen for å fortelje om eigen forfattarskap og om prosessen bak produksjonen av ein teikneserieroman.Moen gjev også ein spanande gjennomgang av stykket Peer Gynt, med eigne illustrasjonar, i tillegg til å snakke om livet til Henrik Ibsen, det politiske og kulturelle klimaet på hans tid, og korleis dette påverka arbeidet med det dramatiske diktet Peer Gynt.

ROGADANS

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
I Rogadans får elevane oppleva og sjølv vera med på folkedans og folkemusikk frå Rogaland og resten av Noreg. Det heile startar med at fire av dei fremste musikarane og dansarane innan sjangeren gjer ei forrykande danseoppvising på ti minutt.
Etter oppvisinga tar dei elevane med inn i dansen, og dei får læra seg dei grunnleggjande stega i halling, suldalspringar og reinlender.
Sjå vedlegg om fagleg relevans for læreplanen.Rogadans er utvikla i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland.Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/.

SMED FOR EIN DAG

Kulturarv, Trinn: VG1-VG3
Smed for ein dag er eit undervisnings- og opplevingsopplegg tufta på solide kunnskapar i tradisjonshandverk. Elevane får ei kort innføring i smedfaget, og jobbar parvis ved feltessene etterpå. Dei får erfaring med oppfyring, manuell innblåsing av luft, og i tillegg bruk av ulike typar verkty. I prosessen tileignar dei seg materialkunnskap om smijern. Alle elevane får smi si eiga eldrake.
For hundre år sidan var det smie på dei fleste gardar, og alle bygder hadde smeder. Terje Granås er ein av dei som har tileigna seg kunnskap om handverket, og han vidareformidlar tradisjon og teknikkar frå dei gamle bygdesmedane. Han arbeider som smed på heiltid, og har sveinebrev i faget og over 20 års erfaring. Han har også vore smed-stipendiat i tre år ved Norsk Håndverksinstitutt.

THE BIGGEST LITTLE FARM

Film, Trinn: VG1-VG3
Filmen handlar om den åtte år lange reisa til John og Molly Chester der dei byter ut storbyliv mot gardsliv på bygda i California, USA. Dei drøymer om å produsera mat i harmoni med naturen.
Korleis spelar ein på lag med naturen når det finst prærieulvar som vil ha hønene dine til middag? Kva med alle krypdyra som et opp frukta? Og den verste trusselen av alle, klimaendringer som skaper øydeleggjande flaumar og brennande skogar.Filmen er ei sterk skildring av korleis dei får til å leva i pakt med naturen. Formidlinga består av vising av filmen og ein kort samtale etterpå med Dag Jørund Lønning.
Uttrykksform
Åpne filter