Randaberg videregående skole

Randaberg videregående skole

Postadresse: Grødemveien 70, 4070 Randaberg

Besøksadresse: Grødemveien 70, 4070

Telefon: 51415500

Kontaktperson: Terje A Andreassen, 51415560, 92038617, terje.a.andreassen@skole.rogfk.no

Antall produksjoner: 5

  • Alle

DNA? AND? Tilrettelagt

Musikk, Trinn: VG1-VG3
Vi improviserer frem musikk sammen, og setter en musikalitet i spill som er uavhengig av tekniske fer­digheter.DNA? AND? er et musikalsk prosjekt for barn med spesielle behov, Vi prøver ikke å lære dem noe som helst, men lar dem spille og være musikere, og er med på å improvisere fram musikken på deres premisser.Prosjektet har eksistert i ulike former siden 2013, og ført til bl.a. deltakelse på den internasjonale improvisasjonsfestivalen All Ears og musikkutgivelse på franske Dokidoki.

PEER GYNT. TEGNESERIEROMAN

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
Stormannsgal, egoistisk, hyklersk og amoralsk er berre nokre av karakteristikkane av Peer Gynt. Bondeguten og verdsborgaren som er seg sjølv nok sluttar aldri å fascinere nordmenn. No er historia tilgjengeleggjort for ein ny generasjon i ein kritikarrost teikneserieroman.Teikneserieromanen om Peer Gynt er skapt av Geir Moen, som  har jobba som serieskapar og illustratør i 20 år. I denne produksjonen besøkjer han skulen for å fortelje om eigen forfattarskap og om prosessen bak produksjonen av ein teikneserieroman.Moen gjev også ein spanande gjennomgang av stykket Peer Gynt, med eigne illustrasjonar, i tillegg til å snakke om livet til Henrik Ibsen, det politiske og kulturelle klimaet på hans tid, og korleis dette påverka arbeidet med det dramatiske diktet Peer Gynt.

ROGADANS

Kunstarter i samspill, Trinn: VG1-VG3
I Rogadans får elevane oppleva og sjølv vera med på folkedans og folkemusikk frå Rogaland og resten av Noreg. Det heile startar med at fire av dei fremste musikarane og dansarane innan sjangeren gjer ei forrykande danseoppvising på ti minutt.
Etter oppvisinga tar dei elevane med inn i dansen, og dei får læra seg dei grunnleggjande stega i halling, suldalspringar og reinlender.
Sjå vedlegg om fagleg relevans for læreplanen.Rogadans er utvikla i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland.Folkemusikkarkivet for Rogaland held til på Sand i Suldal og er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arkivet har opptak av song, spel og dans frå heile Rogaland og tek imot grupper etter avtale.Folkemusikkarkivet arrangerer den årlege kurshelga Folkemusikk- og dansehelg i Suldal kvar haust, med kurs i spel, song og dans for deltakarar i alle aldrar og alle nivå. Arkivet har gitt ut læreverket «Bergteken», eit tobindsverk med vokal- og instrumentalstoff frå heile fylket. https://ryfylkemuseet.no/.

ROMANTIKKEN I BILDEKUNSTEN

Visuell kunst, Trinn: VG1-VG3
Stavanger kunstmuseum ynskjer elever frå den vidaregåande skulen velkomne til ei nitti minutt lang økt der me set fokus på eit utval verk frå romantikken. Kva var utgangspunktet for romantikken som periode? Korleis kan me lesa verk av til dømes Hans Gude og Lars Hertervig som eksemplar på romantikken? Kan me sjå romantiske tendensar i samtidskunsten? 
Me søker svar på desse spørsmåla med føredrag, omvising i samlingsutstilling og dialog med elevane. 

SMED FOR EIN DAG

Kulturarv, Trinn: VG1-VG3
Smed for ein dag er eit undervisnings- og opplevingsopplegg tufta på solide kunnskapar i tradisjonshandverk. Elevane får ei kort innføring i smedfaget, og jobbar parvis ved feltessene etterpå. Dei får erfaring med oppfyring, manuell innblåsing av luft, og i tillegg bruk av ulike typar verkty. I prosessen tileignar dei seg materialkunnskap om smijern. Alle elevane får smi si eiga eldrake.
For hundre år sidan var det smie på dei fleste gardar, og alle bygder hadde smeder. Terje Granås er ein av dei som har tileigna seg kunnskap om handverket, og han vidareformidlar tradisjon og teknikkar frå dei gamle bygdesmedane. Han arbeider som smed på heiltid, og har sveinebrev i faget og over 20 års erfaring. Han har også vore smed-stipendiat i tre år ved Norsk Håndverksinstitutt.

Uttrykksform
Åpne filter