Varhaug ungdomsskule

Varhaug ungdomsskule

Postadresse: Opstadvegen 601, 4360 Varhaug

Besøksadresse: , 4360

Telefon: 51 79 88 50

Kontaktperson: Sissel Goa Ånestad, 95186215, sane@skule.ha.no

Antall produksjoner: 2

  • Alle

#Me&U (Rom for Dans)

Scenekunst, Trinn: 7-10
#Me&U utforskar spørsmål knytte til identitet, kropp og relasjonar. Gjennom framsyning og verkstad ønsker utøvarane å få publikum til å tenka gjennom eigne uttrykk og eigne val. Korleis ser me (på) kvarandre og korleis snakkar me til/med kvarandre?Ungdom veks i dag opp med ein bilde- og delingskultur på sosiale medium og treng verktøy til å snakke om kropp, grensesetting, kjønn og seksualitet, og til å sette grenser for kva dei ønsker å være med på.Årets nasjonale Ungdatarapport viser dessutan at eit stadig aukande kroppspress blant de ungdommar. Sosiale medium og merksemd på kropp, trening og kosthald gjer at dette blir opplevd som stressande både for gutar og jenter. #Me&U vektlegg dialog, samhandling og toleranse, og viser fleire kvalitetar ved det å være ung enn ytre ting som utsjånad og prestasjon.#Me&U er ein to-delt produksjon. Fyrste del er ein time  med verkstad der ungdommane deltar i skapande prosess og vising. Deltakarane møter kvarandre aktivt, reflekterer samen, deler erfaringar, deltar i ein kunstnarleg prosess og lagar korte koreografiar. Materiale frå verkstaden blir med vidare inn i ei scenisk framsyning.Publikum sit fyrst i grupper rundt kvar ”sin” utøver. Fem dansesoloar blir viste i rommet. Publikum kommer tett på ein utøvar og ein personleg historie til  utøvaren. Temaa kan for eksempel vera kjønnsidentitet, mot til å ta eigne val, det å kjenne seg utilstrekkeleg, kroppsfiksering og seksualitet. Dei fem soloane blir spelt på same tid i rommet, og lydar og historier smittar over på kvarandre. Etter kvart kjem dei fem utøvarane saman i ulike tablå og gjenkjennelege situasjonar; klasserommet, skolegarden, på fest og så bortetterMe opplever sterke historier om støtte, svik, utanforskap, sårbarheit, forelsking, samhald og styrke.​​​​​​​

Flamenco a la Noruega

Musikk, Trinn: 8-10
Asgeir & Mo med Jaime Fresneda Garcia Cervigon.
Opplev eit energisk samspel mellom den spanske flamencodanseren Jaime Fresneda Garcia Cervigon og det Stavangerbaserte ensemblet Asgeir & Mo. Musikken luktar og smakar av Andalucia. Kombinert med impulsar frå Noreg, Austen og Latin-Amerika vert det ei unik konsertoppleving. Musikken er komponert av gitaristen Asgeir Aarøen. Ensemblet gjorde stor suksess under Kammermusikkfestivalen i 2014.
Uttrykksform
Åpne filter